Kollisjon Lundevegen 4. april 2018 2860

Trafikkulykke i Lundevegen

Bilulykke. Fire bilar stod i krysset mellom Lundevegen og innkøyringa til høgskulen i Bø etter kollisjonen. Ein person blei sittande fast i den eine bilen og blei etter ei stund frakta bort av ambulanse. Foto: Øystein Akselberg

Kraftig kollisjon i Lundevegen

Litt etter klokka ni skjedde det ein kraftig kollisjon på Lundevegen med fire bilar involvert. Da Bø blad kom fram var det tre bilar som stod front mot front i krysset inn til høgskulen. Føraren i den eine bilen satt fast og blei etter nokre minuttar frakta bort med ambulanse.  Brannvesen, politi og ambulanse var på staden.

Politiets operasjonsleiar opplyser at fire personar var involvert i ulykka. Ein person blei frakta bort  til sjukehus med brotskadar, medan ein blei køyrd til legesenter for sjekk. Dei to siste kom frå ulykka utan skadar. Politiet opplyser at eit førarkort er beslaglagt.

Det er ikkje opplyst noko om årsaka til ulykka, men det var snøslaps i krysset etter nattas snøfall.

Politiet si melding på Tvitter: Vegen, fylkesveg 359, er stengt på staden. Fire bilar er innblanda og det er meldt om personskadar skriv politiet vidare. Alle personane skal vere vakne. Politiet har en formening om hendelsesforløp og har beslaglagt førerkortet til en involvert.

Saka blir oppdatert.