Sosiale medium

Bø i Telemark
03
-5°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Travelt for Røde Kors i påska

Strålande påske. Med fint påskevêr kjem folk til fjells. Det gjev fleire oppdrag til Røde Kors. Foto: Hilde Eika Nesje

 

Mange påskeoppdrag for Røde Kors

Med fint vêr og sol heile påska har det vore stor påskeutfart i fjellet. Gvarv og Nome Røde Kors hjelpekorps har hatt vakt på Lifjell gjennom heile påskeferien og melder at det har vore mykje å gjere.

– Mange har vore ute på tur, og det har vore stor pågang av turistar på Lifjell. Med mykje folk i fjellet blir det også meir å gjere for hjelpekorpset, seier korpsleiar i Gvarv Røde Kors, Sondre Røstad. ­

– Me har hatt totalt 15 oppdrag der politi eller ambulanse var involvert. I tillegg har det vore nærmare 30 småskader, og det er mykje samanlikna med tidlegare år, legg Røstad til.

Han fortel at hjelpekorpsa nå går over til å ha vanleg beredskap og avsluttar vaktene sine på Lifjell i helgene for denne sesongen.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje