190912-valvake-2019-27-

Tre i fylkestinget


Inne. F.v. Harald Kinck (Frp), Karin Hagen (Ap) og Nikolai Boye (H) ser ut til å vere inne i det nye fylkestinget for Vestfold og Telemark. Her er dei på felles valvake på Akkerhaugen.


Det ligg an til at Midt-Telemark kommune får tre representantar i Vestfold Telemark fylkesting.

Harald Kinck, Bø, står på fjerde plass på lista til Fremskrittspartiet. Partiet får inn seks representantar ifølgje NRK og nettsida valresultat.no.

Nikolai Boye, Bø, står på 14. plass og ifølgje NRK får Høgre inn 14 representantar i det nye fylkesstyret.

Arbeiderpartiet får inn 18 representantar. Karin Hagen, Bø, står på 14. plass og bør vere sikker.

Sigrid Haukvik, Akkerhaugen, står på fjerdeplass på Kristeleg Folkeparti si liste, men partiet ser ut til å få inn berre to representantar.