IDRETTSLAG KAN SØKJE: Søknadsskjema for ny kompensasjonsordning for idrett og frivilligheit er nå klart.
IDRETTSLAG KAN SØKJE: Søknadsskjema for ny kompensasjonsordning for idrett og frivilligheit er nå klart.

Tre lag i opprykkskamp

Tre lag i toppen. Det kan bli mange gledesscener for Skarphedinlag i haust. Tre av seniorlaga til Skarphedin har mykje å spele for utover hausten. Kan det bli tre opprykk? Arkivfoto: Øystein Akselberg

Skarphedin fotball har tre av sine fire seniorlag i opprykkskamp denne hausten. Damelaget ligg i toppen av 3. divisjon, B-laget på herresida er nummer to i 6. divisjon og gutane på Skarphedin 3 toppar 7. divisjon. Det kan bli mykje å glede seg over for blåtrøyene denne hausten. Kan alle tre klare opprykk?

I går gjorde Skarphedin 2 i 6. divisjon ein svært god figur i borteoppgjeret mot opprykkskandidat Brevik. Det enda like godt 0-6 og alle tre peong med heim til Bø. Målvakt Erik Vangsnes fekk sin debut i Skarphedin og gjorde sine saker bra, medan Jonathan Ladiszlaidesz var sikkerheita sjølv i dei bakre rekkjer. Måla blei laga av Ola Kili (3), Mats Bruu (2) og Andreas Tendenes.