Sosiale medium

Bø i Telemark
33
4°C
 

Dato

Fredag 16. november 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Treng pengar til samanslåing

Sauherad kirke

Også kyrkjeleg fellesråd skal slå seg saman

Kyrkjeleg fellesråd i Bø og i Sauherad skal også slå seg saman. Til det treng dei pengar. Det gjer også til kyrkjebygga.

– Den nye kommunen vil få tre kyrkjer frå 1100-talet, det er det frå før berre Kristiansand som har.
Slik innleia Martin Stærk presentasjonen for politikarane i fellesnemnda og partssamansett utval. Til vanleg er han kyrkjeverje i Bø, no prosjektleiar for kyrkjeleg fellesråd i Midt-Telemark kommune.

Budsjettet for 2019 for kyrkjeleg fellesnemnd i Midt-Telemark er på 280.000 krone. Største delen av pengane går til administrasjon. Fellesnemnda har 60.000 kroner og søkjer den kommunale fellesnemnda om 220.000  kroner.

Feil om Nes Menighetshus

Det blir arbeidd med å skaffe eit livssynsfleksibelt sermonirom i den nye kommunen. I avisa står det at Nes Meninghetshus peikar seg ut. Det er feil. Stærk opplyser at kommunen arbeider med dette, ikkje han. Sidan kyrkja har ansvar for graferdsverksemda vart kyrkjeverjane kalla inn til eit møte der ulike alternativ vart drøfta. Kyrkjebygg og kapell er aktuelle bygg, det er også Gullbring og Bø ungdomsskule. På møtet vart også Nes Menighetshus trekt fram som eit alternativ. Stærk opplyser at kommunen skal kalle inn til ei synfaring av dei bygga ein ønskjer å besøkje og ein ønskjer å få med dei livssynssamfunna som vil delta. Han seier at der står saka no.

– Eg har ikkje vore i kontakt  med Humanetisk forbund og har heller ikkje noko ansvar for å følgje opp dette, understrekar Stærk.

Han seier at det er opp til dei som eig lokala om det er aktuelt at lokalet kan nyttast som eit livsynsfleksibelt seremonirom.

 

 

 

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje