180322 LHL-trim på Hørte 1

Trim og hygge på Hørte

Kvar måndag møtest dei til trim og triveleg samvær på Hørte. Bak f.v. Anna Kristine Flåtin (71), Inger Lise Kløverød (69), Gerd Torsdal (88), Tone Steinstad (83) og Åse Marit Hansen (70). Framme f.v. Daniel Hansen (72), Mary Veamyhr (74), Ingeborg «Vesla» Botnen Eriksen (82), Asborg Dalen (86) og Kjetil Hørte (73). Foto: Gro B. Røiland

Trim og hygge høyrer måndagen til for ein blid gjeng me møter på Hørte. Arrangør er LHL Midt-Telemark, men tilbodet er ope for alle.

– Me har plass til mange fleire, seier lungetrimleiar Åse Marit Hansen frå Ulefoss.

Lokallaget av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) har eit omfattande tilbod. Blant anna lungetrim og hjartetrim som går føre seg i klubbhuset til Hørte IL. Elles i veka har LHL Midt-Telemark handarbeidsgrupper, snikkargrupper og vassgymnastikk på Gvarv og Nordagutu. Mange av medlemmene er med på fleire aktivitetar.

Trim er bra, og det er også det sosiale, ifølgje trimmarane me møter hos LHL Midt-Telemark.

– Eg har fått trening på hjernen. Det er veldig sosialt og all right her, seier Kjetil Hørte.

Ingeborg «Vesla» Botnen Eriksen er nabo til klubbhuset og går fast på trimmen.

– Det er fint å kome seg ut, og dette er både sosialt samvær og godt for kroppen, seier Botnen Eriksen.

Les meir om LHL-trimmen i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.