Vinter høgskulen

Trist melding frå Universitetet i Bø

Universitetsavdelinga i Bø er i sorg etter meldinga om at dei to studentane som blei drepne i Marokko var studentar på campus i Bø.

Mista to studentar i Marokko-drapa

Universitetsavdelinga i Bø (USN) melder i dag at dei to kvinnene som nyleg blei drepne i Marokko begge var studentar i Bø.

Kvinnene var bachelorstudentar ved avdeling for friluftsliv, kultur og naturrettleiing i Bø. Kvinnene var på ein privat ferietur. Det er offentleggjort at det gjeld ei norsk kvinne på 28 år frå Bryne og ei dansk kvinne på 24 år.

De to kvinnene blei funne i ein landsby i Atlasfjella i Marokko. Landsbyen ligg i eit fjellområde i El Haouz-provinsen, cirka 10 kilometer unna turistlandsbyen Imlil.

– Vår medkjensle går til familiane, studentar og tilsette som stod dei nær. Dette er ein frykteleg trist dag, seier rektor Petter Aasen. 
Universitet melder at dei har sett i gang sin beredskap ved slike situasjonar og at det skal haldast ei minnemarkering.