Sosiale medium

Bø i Telemark
07
12°C
 

Dato

Måndag 15. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ung kulturprisvinnar

Thea Ellingsen Grant er med på fleire platesinnspelingar i haust. Foto: Privat

 

Thea Ellingsen Grant (20) er tildelt Sauherad kommunes UngKulPris for 2018. Thea, som går på jazzlina på NTNU i Trondheim og er med i fleire band, skal bruke prisen til plateinnspelingar.

– Å få denne prisen betyr veldig mykje for meg. Eg er glad og takknemleg for å bli anerkjent for det eg gjer i bygda eg er frå. Eg har lyst til å takke alle involverte i at eg får prisen og alle i  heimbygda mi som alltid har vore veldig støttande for meg, seier Thea Ellingsen Grant.

Trass i at ho er ung, har ho opparbeidd seg lang og solid sceneerfaring. Ho er hovudlåtskrivar og frontvokalist i banda JUNO, Yellowthrone og Caramel 11. Med JUNO har ho vore på turne i Skandinavia og spela nærmare 30 konsertar. Ho har hatt solooppdrag med Trondheim Sinfonietta og mange konsertar med danseteatret Panti Rei.

Som barn og ungdom har ho vore elev i Sauherad kulturskole og ved musikklina på Skien videregående skole. Ho har deltatt på UKM mange gonger, og i 2015 kom ho til Landsmønstringa med eigenskriven låt saman med trioen TamTrio. I fjor fekk ho Drømmestipendet 2017.

Ungdommens kulturpris i Sauherad har blitt delt ut kvart år sidan 2013 og består av 10.000 kroner, diplom og blomar.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje