191010 fotoutstilling

Ungdomsfoto frå Midt-Telemark

Ordførar Mette Haugholt og fotograf Ida-Emilie Øien Dalen på opning av fotoutstillinga på Gvarv under Norsk Eplefest. Foto: Gro B. Røiland

Tiandeklassingar frå Midt-Telemark fotograferte sist skuleår sitt Midt-Telemark. Det har blitt til fotoutstilling på Frivilligsentralen på Gvarv og på Ung Arena som opnar 14. oktober i Gullbring.

Fem av bilda er også tatt ut til å illustrere samfunnsdelen av den nye kommuneplanen for Midt-Telemark kommune 2019 – 2031.

Ungdomane blei utfordra til å besvare tre spørsmål om kva som er bra med staden dei bur på, kva som kan bli betre og korleis det skal vera å vekse opp i Midt-Telemark kommune. Dette skulle dei svare på gjennom kommunikasjon med bilde.

På Norsk Eplefest opna ordførar Mette Haugholt utstillinga på Frivilligsentralen.

– Ei rekke ungdomar har levert inn til saman 72 flotte fotobidrag. Av desse er 24 valt ut til utstillingene. Bø og Sauherad takkar all ungdom som sendte inn sine bidrag, sa Haugholt.