190516 Sauherad kommunestyre politi Svein Olav Grini

Uroa for narkotika og rus blant unge

Seksjonsleiar ved Midt-Telemark lensmannskontor, Svein Olav Grini, la fram politiets årsrapport for Sauherad kommunestyre. Foto: Gro B. Røiland

Narkotika blant unge var sentralt tema da seksjonsleiar ved Midt-Telemark lensmannskontor, Svein Olav Grini, nyleg la fram politiets årsrapport i Sauherad kommunestyre.

 – Me er mest bekymra for dei frå 13 år og nokre år oppover. Det er ingen grenser, tilgangen er der og på eitt eller anna tidspunkt må dei unge forhalde seg til å møte narkotika og ta nokre val. Det må me, foreldre og andre, gje dei god kompetanse til utan å slå handa av dei med å seie at dei kjem til å dø viss dei tek eit trekk, sa Grini.

Han understreka at narkotika og rusmiddel er noko som finst lokalt.

– Det kjem ingen svart BMW frå Oslo med store bagar i bilen, de må ikkje tru at det er så enkelt. Narkotika er tilgjengeleg for alle, heile døgnet, heile tida, sa Grini som oppmoda kommunestyret til å ta godt vare på dei unge.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no