Nett Hørteelva 120618 Kleivahølen 0093

Utslepp fargar Hørteelva raud

Hørteelva blei raud. I løpet av tysdag ettermiddag blei vatnet i Hørteelva sterkt missfarga etter eit utslepp frå Systemblokk. Her ved den populære badeplassen Kleivahølen. Foto: Øystein Akselberg

Det var ei kvinne på tur langs Hørteelva som tysdag oppdaga at noko var unormalt med vatnet i elva. Ved den populære badeplassen Kleivahølen var vatnet heilt raudt. Bø blad følgde tysdag ettermiddag elva oppover og fann utsleppstaden for det sterkt raude/oransjefarga utsleppet. Det kom ut i elva frå ei grøft like nedanfor Rallebana.

Lars Kåre Haugen ved Systemblokk  har forklaringa på utsleppet. Bedrifta ligg ved Rallevegen nokon hundre meter ovanfor elva.
– Me har hatt eit uhell med ei pumpe som har gått tett. Pumpa står i ein heilt tett tank og handterer fargestoffet jernoksid som me brukar til å farge nokre av blokkene me produserer. Pumpa blei spylt og eindel av jernoksidet har kome ut i dreneringa. Det skal absolutt ikkje skje. Me er svært lei oss for uhellet og at det har blitt eit utslepp til elva, seier Haugen til Bø blad.

Haugen seier at alle aktuelle instansar er varsla om uhellet, blanta anna Politi og Arbeidsstilsyn. Systemblokk antek at mengda stoff som kom på avvege er maksimum 40-50 kilo. Det skal svært små mengder av dette stoffet til for å farge store mengder vatn. Haugen har fått opplyst at jernoksid ikkje skal vere giftig eller farleg for livet i elva.

Systemblokk seier dei nå skal gå igjennom rutinane for å sørgje for at slike uhell ikkje skal skje igjen.

Bø blad traff tysdag kveld folk frå Systemblokk på synfaring langs Hørteelva saman med to representantar frå politiet. Da var elva tydeleg farga i det den passerte Hørte sentrum.

Utsleppsstaden. Her kjem ei drenering ut i Hørteelva like ved motorbana Rallebana. Systemblokk ligg oppe i lia over elva. Foto: Øystein Akselberg

Hørte sentrum. Tysdag kveld hadde utsleppet nådd sentrum av Hørte. Her ved Hørte dampfarveri. Foto: Øystein Akselberg

Dreneringsgrøft. Utsleppet kjem fram i ei dreneringsgrøft som går langs nedre del av Rallabana.