190131-SFO-ferie-og-pris-07-b

Utval går for søskenmoderasjon


Feil om FAU. Nina  Kaasa (midten) opplyser at det er feil at det ikkje er valt FAU-representantar ved Bø skule. Her er ho saman med t.v. Aase Ragnhild Brokka og Tine Schia. I fjor stod dei fram på vegner av FAU ved Bø skule og bad politikarane om billegare SFO og betre ferietilbod. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Fredag behandla oppvekstutvala i både Bø og Sauherad det framlagde forslaget til ny ordning for SFO. Politikarane ønskjer at tilbodet om søskenmoderasjon blir oppretthalden.

Forslaget til ny SFO-ordning som administrasjonen har utarbeidd  er billegare enn dagens ordning og har tilbod om ferie-SFO, men søskenmoderasjonen for barn nummer to er teken bort.

Det har foreldreutvala i begge kommunane protestert mot i høyringsrunden. I dag, fredag, hadde oppvekstutvala i Bø og Sauherad kommunar møte saman og diskuterte forslaget. Politikarane ønskjer noko moderasjon for barn nummer to, les om det i avisa neste veke.

I avisa denne veka har me skrive om korleis administrasjonen foreslår at SFO for Bø og Sauherad kommunar, seinare Midt-Telemark kommune, kan organiserast. Formelt sett skal det lagast nye vedtekter og fastsetjast nye betalingssatsar. Planen er at dei nye vedtektene skal ta til å gjelde frå komande haust, eit halvt år før kommunane slår seg saman. Dei to kommunane har svært ulike ordningar i dag.

Feil om FAU

FAU ved dei tre skulane har kome med høyringsuttaler. Me skreiv at det ikkje er FAU ved  Bø skule fordi ingen foreldre ville sitte der. Dette fekk me opplyst ved Bø skule, men det er feil.