DELAR UT PENGAR. Statskog ber folk søkje om pengar til små og store friluftsprosjekt. Eit døme kan vere midlar til utsiktspunkt som dette på Øysteinnatten på Lifjell.
MEDISIN. Å kome seg ut i frisk luft er den aller beste medisin mot tungsinn i mørketida, og spesielt viktig når me i tillegg er midt i ein pandemi, ifølgje organisasjonen Norsk Friluftsliv. I Midt-Telemark er det rikeleg med mulegheiter til å kome seg ut. Her frå utsiktspunktet på Øysteinnatten på Lifjell.

Vegvisar på Øysteinnatten

VISER VEG I HORISONTEN: Bø turlag har satt opp ein vegvisar på Øysteinnatten.

Foto: Bø turlag

Fjelltoppen Øysteinnatten har fått ein vegvisar 1174 m.o.h. Bø turlag har fått laga denne utsiktsvegvisaren som viser retning og avstand til toppar og stader som ein kan sjå i horisonten når ein står på denne Lifjell-toppen. Tavla peikar mot 33 punkt, både nære og meir fjerne. Øysteinnatten er ein av dei mest besøkte toppane på Lifjell.