Sommarlandfestivalen 2019 3491 Sommarland Søndre Nittedal skolekorps jenter holder for ørene

Vel blåst!

Mykje lyd. Tre unge kornettistar frå Søndre Nittedal skolekorps synes «kjøkkenavdelinga» som sat like bak dei spelte vel høgt i konserten i Leikelandsmanesjen laurdag. Foto: Øystein Akselberg

I helga har det vore festival i Bø.

Dei harde fakta: 1.220 deltakarar pluss familemedlemmar, 38 korps og orkester har spelt 17 timar med konserter, to seminar er halde, alle 38 lag har marsjert to gonger, to gonger har alle spelt fellesnummer. For å gjennomføre alt dette trengst det mykje energi. Matkomitén kan melde om følgjande inntak: Det gjekk med 320 brød, 400 liter eplejuice, 240 liter appelsinjuice, 100 liter melk pluss kaffi, te og vatn. I tillegg: 72 kilo gauda, 80 agurk, 70 pakker salami a 250 gram, 20 kg skinkepålegg, 2341 solrik juiceboksar, 100 paprika, 18 kilo tomat, cirka 2500 porsjonar ok leverpostei og 40 liter syltetøy.

Slikt blir det mykje korpsmusikk av. Vel blåst alle som står bak Sommarlandfestivalen.