Sosiale medium

Bø i Telemark
06
22°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Slutt på Norway cup-eventyret

Dansa på Ekeberg. Skarphedin-jentene hadde torsdag all grunn til sigerdans på Ekebergsletta. Begge lag kom vidare i sine sluttspel tidleg på torsdag.

Begge lag blei slått ut: I går torsdag enda Norway Cup-eventyret for begge Skarphedins lag. Lag 2 i A-sluttspelet tapte 1-2 mot Austrheim i 8.delsfinalen, medan lag 1 tapte 0-3 mot Drøbak-Frogn i kvatfinalen i B-sluttspelet. Jentene har all grunn til å vere nøgd med å ha kome langt i kvar sine sluttspel.

Tidlegare oppdatering torsdag: Like før klokka 12.30 var det klart at Skarphedin sitt jentelag 15 år er vidare til 8. delsfinalen i Norway cup sitt A-sluttspel. Dei slo Jølster 1-0 i 16-delsfinalen. Klokka 17.00 i dag er det ny kamp for jentene (8. delsfinale). Dei møter da Austrheim IL.

Det andre jentelaget, også i 15-års klassen, har gjort sine saker svært bra i B-sluttspelet. I går slo dei Seljord 4-1 og i dag blei det 3-2-siger over Ål i 8. deslfinalen. Laget møtte Drøbak-Frogn i kvartfinale klokka 12.45 i dag. Kampen enda med tap 0-3 og dermed er årets cup-eventyr over for jentene.

Skarphedin 15 år, lag 2, etter siger mot Jølster i A-sluttspel 1/16-finale. Foto: Pål Kleffelgård
Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje