Sosiale medium

Bø i Telemark
33
17°C
 

Dato

Sundag 16. juni 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Vil ha sameige med USN og SSN

Tilrår sameige. Administrasjonen vil byggje bruer mot Universitetet og Studentsamskipnaden i framtidas organisering av kulturhuset. Foto: Øystein Akselberg

Vil ha sameige i Gullbring kulturanlegg

Administrasjonen i Bø kommune la før helga fram si tilråding i saka om framtidig drift og organisering av Gullbring kulturanlegg. Det blir bede om at rådmannen får mandat om å forhandle med Universitet og Studentsamskipnad om samarbeid om felles eige og drift av Gullbring. Endeleg avtale skal leggjast fram for kommunestyret i Bø for godkjenning. Rådmannen har dermed falle ned på ein modell som betyr eit sameige med USN og SSN.

Det blir presisert at endeleg vedtak ikkje blir gjort før ein har forhandla fram vedtekter og aksjonæravtale. Saka kjem opp i Bø formannskap komande måndag.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje