160901-Skuleskyss-Øvre-Bø-35-

Vil ha skulebussen tilbake

160901-Skuleskyss-Øvre-Bø-35-

Barna tykte det var betre slik dei hadde det i fjor med eigen skulebuss. F.v. Guro Groven Skoe (1. kl), Maja Skoe Olsen (5.), Dorthea Sætra Erikstein (2.), Jakob Skoe Olsen (2.), Marie Skoe (4.), Håvard Skoe (1.) og Annbjørg Skoe (8.). Bak f.v. Paula Skoe, Marie Skoe Jakobsen, Hans Ole Erikstein og Mona Skoe. Foto: Marta Kjøllesdal

Foreldre i Øvre Bø vil ha tilbake skulebussen. No må barn ned til 5 ½ år ta ein full ekspressbuss og vente på Bø stasjon før dei får bytte til buss som køyrer til Bø skule.

– Me vil ha skulebussen tilbake, seier foreldra Marie Skoe Jacobsen, Paula Skoe, Mona Skoe og Hans Ole Erikstein.

Skuleelevane frå Øvre Bø prøvar no ut den tredje måten å organisere skuleskyssen på, tre veker etter skulestart. Ifylgje Bø skule gjeld dette 12 til 14 elevar.

– Eg har ikkje fått tilbakemeldingar og skjønnar ikkje problemet, seier trafikksjef i Telemark Bilruter, Per Arne Båtnes.

Han seier at dersom bussen som skal plukke opp elevane på Bø stasjon ikkje kjem, må ekspressen køyre elevane til skulen. At det er skummelt for førsteklassingane å gå på ekspressbussen reknar han med vil gå seg til.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com