sauherad
sauherad

Vil ha ungdom med på UKM

Philip August Skalstad, Hassan Alaazari og Kjetil Skruverud Heiland er eit av banda ein kanskje kan høyre på årets UKM. Foto: Øystein Akselberg

Laurdag 9. februar er det UKM i Bø og Sauherad, og nå er det tid for å melde seg på. Arenaen er som vanleg Gullbring kulturanlegg. I fjor deltok 50 ungdomar frå Bø og Sauherad med 24 innslag.

– Alle kulturelle uttrykk er velkomne, seier Sverre Jacobsen ved kulturkontoret, og minner om at fristen for å melde seg på er 31. januar.

UKM er landets største kulturmønstring for barn og unge mellom 13 og 20 år. I tillegg til å stå på scenen eller delta på utstilling, er ungdom også med på arrangør-sida. Mellom andre er elevar frå valgfag sal og scene i 10. klasse ved Bø ungdomsskule med som arrangørar.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.