Sosiale medium

Bø i Telemark
11
6°C
 

Dato

Torsdag 15. november 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Samskipnaden kunne ikkje vente lenger

Hyblar og kontor. Kunnskapsparken skulle innehalde både hyblar og kontor for næring. Bø bibliotek skulle også inn her.

 

 

Vil ha klare nye hyblar i Bø hausten 2019

 

Kommunikasjonssjefen i Samskipnaden meiner det er feil at kommunen ikkje viste om at den måtte stille ein garanti før bygging av Kunnskapsparken i Bø.

Etter å har arbeidd med planane om eit nybygg på 8.000 kvadratmeter i Bø i snart to sa styret i Samskipnaden nei sist måndag. Halvparten av bygget skulle vere næringsareal og  halvparten hyblar.

– Kommunen har visst ei god stund at den måtte førebu seg på ein kommunal garanti, seier kommunikasjonssjef Linda Tabita Tangen.

– Ja, me har kanskje gått inn i ein marknad me ikkje kjende, me viste ikkje korleis næringslive i bø ville reagere. Derfor har me gjort den store kartleggingsfasen og styre konkluderte med at prosjektet ikkje var levedyktig, held ho fram.

Tangen seier at styret meite det var for lite med utleige av 40 prosent av næringsarealet. Dersom ein skal få til nye hyblar til hausten 2019, kunne ein heller ikkje et  utsetje saka lenger.

– Me har brukt mykje tid og pengar på dette prosjektet, me har ikkje gått inn i det utan å ville få det til, understrekar Tangen.

 

Misser tilliten

Ordførar Olav Kasland reagerer kraftig på at Samskipnaden seier nei til å bygge ut Kunnskapsparken i Bø.

– Me har gjort alt Studentsamskipnaden har bede om, så kom Samskipnaden med krav om 6,3 millionar kroner i kommunal garanti rett før styremøte. Ikkje ein gong styret hadde høyrt om den.

Det seier Kasland, etter at det har blitt kjent at det ikkje blir noko av utbygginga av Kunnskapsparken i Bø.

– Kunnskapsparken kjem, men ikkje i denne forma. Det blir jobba med fleire aktørar for å gjere det på ein annan måte, seier Kasland.

 

Har oppfylt krava

Kasland seier at kommunen har sagt den vil leige lokale for fire millionar kroner, det er det Samskipnaden har bede om tidlegare. Så kom det brev frå Samskipnaden i Sørøst-Norge onsdag før Kristi himmelfartsdag med krav om ein kommunal garanti på 6,3 millionar kroner. Saka skulle opp i styret i Samskipnaden måndagen etter.

– Det var ingen i styret heller som hadde høyrt om garantien. Det kom forslag på å utsetje saka, men det fekk ikkje fleirtal. Det er opplagt at administrasjonen styrer og at den har halde oss for narr, seier Kasland.

Han peikar på at kommunen ikkje garanterer, den leiger.

– Eg misser all tillit når samskipnaden jekkar opp potten utan å informere oss, seier ordføraren.

 

Kan mangle erfaring

Han skjønnar at Samskipnaden må ha sikkerheit, men meiner at det ikkje er nokon som har leigd ut heile arealet i denne typen bygg før ein startar. Kasland trur ikkje det ligg noko nedprioritering av Bø i vedtaket, han peikar på at det er planar om å byggje hyblar i Bø. Universitetet i Søraust-Noreg jobbar med å bygge på i Bø, universitet har også no som politikk å leige mindre areal, Kasland trur ikkje at noko av dette er årsaka.

– Samskipnaden har kanskje ikkje trening i å bygge slike bygg, men den kunne sagt ifrå til oss, seier Kasland.

Han legg til at prosjektet så langt ikkje har kosta kommunen noko.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje