180405-Netthandel-Joker-Nordagutu-07-b

Vil selje øl på nett

Vil vere først. Thorleif Høgstad vil utvide tilbodet til Joker på Nordagutu med nettlevering av alkoholhaldige drikke. Han vil også gjerne vere først ute med tilbodet.

 

Har søkt om utvida salsløyve

Eigaren av Joker-butikken på Nordagutu, Thorleif Høgstad, har søkt kommunen om å få selje alkohol på nett og via vareutlevering. Det er alt mogleg fleire plassar i landet.

– Det skal framleis vere butikk på Nordagutu. Me må finne på nye ting og det må vere noko som er drivverdig. Eg vil ikkje høyre om nedleggingsspøkelset.

Det seier eigar av Joker-butikken på Nordagutu, Thorleif Høgstad, muntert. No har han søkt om å få selje øl og andre alkoholhaldige varer i gruppe 1 over nett og å køyre ut slike varer til kundane.

– Eg vil gjerne vere først ute med det nye, legg han smilande til.

I butikken til Høgstad driv dei alt med heimkøyring av varer til kundar som ønskjer det.

Les heile saka i papiravisa eller e-avisa.