Bø legesenter. Arkivfoto
Bø legesenter. Arkivfoto

Vil tilsetje reservasjonslege

Ledig fastlegehjemmel. Bø Legesenter har ledig ein fastlegehjemmel. Rådmannen har planar om fast tilsetjing. Arkivfoto.

Rådmannen i Bø tilrår å gje reservasjonslegen frå Sauherad fast legeplass ved Bø legesenter. Saka kjem opp som ekstrasak i Bø kommunestyre måndag kveld.

Det er varsla ei ekstrasak om ”tildeling av fastlegehjemmel til lege med reservasjon” til Bø kommunestyre sitt møte komande måndag. Rådmann Åse Egeland tilrår at kommunestyret godkjenner bruk av ledig legehjemmel til legen Katarzyna Jachimowicz som av samvitsgrunnar reserverer seg mot innsetting av spiral for sine listepasientar.
Sauherad kommune tapte i haust oppseiingssaka mot denne legen. Dommen seier at oppseiinga er ugyldig og at Sauherad er pliktig å tilby legen ein avtale som fastlege.

Bø har ledig hjemmel
Rådmannen seier i saka til kommunestyret at Sauherad ikkje har ledige hjemlar, medan ein i Bø har hatt ein ledig hjemmel over lengre tid. Rådmannen viser til at det i prosessen med kommunesamanslåing er gjeve signal om at saker som påverkar økonomien i ny kommune skal vurderast i samanheng.
– Rådmannen ber i denne saka kommunestyret om å ta stilling til prinsippet om Bø kommune skal godta ein slik reservasjon ved tilsetting i ledig legehjemmel, heiter det i saksomtalen frå rådmannen.

Rådmannen slår fast at høgsterettdommen gjev høve for reservasjon for legen, så sant det ikkje er urimeleg vanskeleg eller umogleg for kvinner å få satt inn spiral.
– Om ein godkjenner ein slik reservasjon for legen vil oppgåva måtte løysast gjennom avtale med dei andre legane ved legekontoret, av jordmor, helsesøster eller av spesialist.

Rådmannen seier at om Bø kommune ikkje vel å godta hjemmel for denne legen med reservasjon vil dette kunne få betydning for erstatningsansvaret for Sauherad kommune og det vil igjen påverke økonomien i den nye kommunen.