lifjell-7-nov-2016-morgonlys-4493

Vintermorgon i Bø

lifjell-7-nov-2016-morgonlys-4493

Vinter. Fint morgonlys over Lifjell i dag. Sett frå Breisås. Foto: Øystein Akselberg.

Det er ingen tvil. Vinteren er komen. Dei sikre teikna er der: traktorane med plog har rumla rundt i gater og langs vegar. Lifjell ligg bada i fint morgonlys med krittkvite fjell. Og om ein var i tvil så dukka det sikraste vinterteiknet opp på mobilen i dag tidleg: sesongens første melding frå Bø Løypelag som handlar om kvar det er tråkka opp skiløype i bygda. Men det er litt hemmeleg, for det er berre for dei som abbonerer på løypelagets ski og løypeteneste. God tur og god vinter!