180524 Vreim skule ute 2

Vurderer å flytte Vreim skule

Gunhild Haugestøl (t.h.) håper den gamle skulen hennar kan bli innlemma i Bø museum. F.v. Halvor S. Skoe, grunneigar, Asbjørn Storesund, Hans Aasmund Saga og Sigmund Haugestaul, bygnings- og vedlikehaldsutvalet ved Bø museum.

I skogkanten mellom Vreim nordre og Haugerud, på plassen Grotemo, ligg Vreim skule. I nærmare 80 år var dette skule for barna på Vreimsida, frå Erikstein-gardane i vest til Rønningen og delar av Breskelia i aust.

Bø museum skal nå greie ut kva som skal til for å flytte skulestova til museets område på Oterholt og kva det vil koste. Styret har ut over det ikkje tatt stilling til saka.

Gunhild Haugestøl (86), gamal elev ved Vreim skule, håper inderleg ho får sjå skulestova flytta til Oterholt og innlemma i Bø museum.

– Dette er eit kulturminne, og det er i tolvte time at noko blir gjort, seier Haugestøl.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett. Her kan du også sjå gamle skulebilete frå Vreim skule.