2015-11 Glatt skuleveg

Ekstremt glatte vegar i Bø

2015-11 Glatt skuleveg

Klamra seg til rekkverket. Gangvegen til Bø skule var ikkje lett å gå på i dag tidleg. Foto: Ralph Stålberg

Det var ekstremt glatte vegar i Bø i dag tidleg, og ikkje lettt å kome seg fram verken for gåande eller køyrande. På Lundevegen kom ein bil med sommardekk over i motsett køyrefelt og kolliderte front mot front med ein annan bil, og fire blei køyrt til sjukehus. 110-sentralen melder om fleire utforkøyringar. Desse skuleungane i Bø hadde også sitt å stri med på gangbrua over riksveg 36.