Om oss
Bø blad er lokalavisa for Midt-Telemark kommune i Telemark fylke. Bø blad gjev ut nettavis kvar dag og papiravis kvar torsdag, med cirka 32 sider per utgåve og 45 utgåver i året.
Fakta om Bø blad
Bø blad hadde i 2023 eit godkjent opplag på 2822 eksemplar.
Bø blad har sju fast tilsette, og det blir utført 6,2 årsverk i bedrifta. Bø blad produserer heile avisa sjølv og blir trykt ved Nummer 1 Trykk i Larvik.
Papiravisa blir distribuert av Amedia distribusjon. Avisa blei starta i 1986 av Arne Kielland. Bø blad er partipolitisk ubunden og blir eigd av lokale aksjonærar. Bø blad har eit styre på fem personar, med Eivind Eckbo som styreformann. Ansvarleg redaktør er Hilde Eika Nesje. Dagleg leiar er Linn Malén Vefald.