Bø kino Torfinn Forberg kinodagen 2015

2.209 på kinodagen

Bø kino Torfinn Forberg kinodagen 2015

Bra besøk. Torfinn Forberg ved Bø kino er godt nøgd med kinodagen. Foto: Øystein Akselberg.

Mange på kinodagen

Årets store kinodag blei ein suksess ved Bø kino. I fjor hadde Bø kino rekordbesøk med 2.650 selde billettar og blei størst i fylket. I år følgde kinoen i Bø opp med imponerande 2.209 besøkande, som er tidenes nest beste kinodag for Bø kino. Tre på topp på den store kinodagen i Bø: 1. Julekongen – Full rustning (390), 2. Minions (2D, norsk tale) (270) og 3. James Bond: Spectre (235).