KST 14 des 2015 1004 Kristin Karlbom Dahle copy

Stor hytteplan vedteke

KST 14 des 2015 1004 Kristin Karlbom Dahle copy

Talde for kommunestyret. Arealplanleggar Kristin Karlbom Dahle måtte ta ei opptelling av kryssingspunkt mellom skiløype og bilveg i den nye hytteplanen på Høgefjell. Fungerande ordførar, Borgar Kaasa (Sp), følgjer med.

Bø kommunestyre gav måndag klarsignal til den nye hytteplanen ved Høgefjell på Lifjell. Debatten gjekk på kor mange kryss det blir mellom bilveg og skiløype.

Detaljreguleringsplan for del av H4 på Høgefjell på Lifjell, var til andregongs handsaming i Bø kommunestyre måndag kveld. Saka blei den som skapa den mest engasjerte debatten. Her er det tydeleg at fleire krefter i kommunen, både frå politisk hald og frå administrasjonen, legg stor prestisje i å få saka endeleg avgjort. Andre var meir opptekne av å ta vare på skiløypa i området og sikre fint skogs- og fjellandskap, samt ei meir skånsam hytteutbygging enn kva praksis har vore på Lifjell dei seinare åra. Høgefjellplanen omfattar rom for 100 nye hytter, tilførselsvegar og interne vegar i feltet til dei ulike hytteområda.