2015-12 Kodetime

Programmering på skulen

2015-12 Kodetime

Kodetime på skulen. Femteklassingane på Bø skule hadde kodetime før jul. Foto: Merete Olafsdatter Nordbø

Kodetime på Bø skule

Tysdag før jul hadde femteklassingane ved Bø skule kodetime. Her fekk dei prøve seg på grunnleggande programmeringsoppgåver, med hjelp frå «Lær Kidsa Koding». Opplegget er del av eit globalt arrangement som 50 millionar elevar har vore med på. Formålet er å auke ungane si digitale innsikt og vekke interesse for eit fagområde i sterk vekst.