3 Frode Bergan i stige 1824

Tøff start for Vera

3 Frode Bergan i stige 1824

Mykje vedlikehald. Overingeniør Frode Bergan frå høgskulen er her i ferd med å bytte væske på nedbørsmålaren.

Den nye vêrstasjonen på Lifjell er inne i sin tredje vinterperiode. Den har opplevde fleire tilbakeslag som følgje av sterk vind og mykje nedising.

Sommaren 2013 blei det etablert ein ny vêrstasjon på Lifjell i regi av Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag ved Høgskolen i Telemark, avdeling Bø. Den har fått det offisielle namnet ”32220 Lifjell-Øysteinnatten”. Den har fått kallenamnet ”Vera”. Krumtapp i etablering og oppfølging frå høgskulen er Frode Bergan. Han er overingeniør ved Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag.

Dei to første driftsåra har ikkje vore enkle for Vera som står svært vêrutsatt til 1.102 meter over havet, ikkje så langt unna toppen av Øysteinnatten. Den har ramla saman to gonger på grunn av heftig vind og sterk nedising. No er Vera III klar for vintersesongen på Lifjell.

Offisiell stasjon
– Me har besøkt stasjonen 35 gonger, både til fots og på ski, for inspeksjon og vedlikehald etter at den blei satt opp, seier Frode Bergan.
Instrumenttenesta AS på Ås leverte og sette opp stasjonen som tilfredsstiller Meteorologisk institutt (MET) sin standard for dei ulike målingane.
– Bakgrunnen for etableringa er eit behov for løpande data om vêrforholda, og behov for klimadata der ein ser vêret over ein lengre tidsskala i samband med forsking på økosystem i høgfjellet relatert til klima, seier Bergan, og legg til at stasjonen sender målte data kvar time til MET som brukar data inn i sine prognosar for å varsle vêret, observere endringar i klima, samt styrke modellane dei brukar til å predikere endringar i klima.

Les meir om Vera i Bø blad, torsdag 31. desember 2015.