Skogen Gard peling 4 jan 2016 2

Vanskelege grunnforhold

Skogen Gard peling 4 jan 2016 2

146 pelar. Entreprenør Kynningsrud har når dei er ferdig neste veke slått ned 146 pelar på Skogen Gård-prosjektet.

Grunnarbeidet på Skogen Gård-utbygginga har teke lengre tid enn planlagt. Vanskelege grunnforhold må ta skulda.

Veidekke Entreprenør AS står for byggjejobben i Skogenkvartalet i Bø sentrum. Grunnarbeidet tok for alvor til i oktober. Entreprenøren Kynningsrud har hatt pelejobben, medan Noco grunnentreprenør har hatt grunnarbeida. Så langt har 12 til 15 mann vore i sving på jobben.

Anleggsleiar Kenneth Johansen i Veidekke AS seier at grunnarbeidet ligg litt etter planen.
– Me kom seinare i gang enn planlagt i påvente av igangsettingsløyve, i tillegg har me hatt store utfordringar på grunn av grunntilhøva, seier Johansen, og legg til at det handlar om at pelane knekk når dei treff steinavsettingar i grunnen.
– Me reknar med å vere ferdige med pelinga i midten av neste veke, seier han.
Når jobben er gjort er det banka ned 122 pelar pluss 24 som er knekt. Dette er alt i alt noko fleire enn planlagt.

Les meir om prosjektet i vekas papiravis.