
Historie. Kroa og barnehagen Veslekroa var dei siste funksjonane som kom til Gullbring. Her er dei framleis i Napastaa-bygget. Foto: Øystein Akselberg
Bø-tilhengarane på offensiven
Direktør Asmund Brenden støvsugde medan sekretær Gunhild Haugen pussa vindauge. Det var ikkje alltid så mykje å gjere i starten, men det endra seg raskt.
Frå 1.1. 2016 er Høgskolen i Telemark (HiT) historie. Nå er den ein del av Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) saman med tidlegare Høgskolen i Vestfold og Buskerud (HBV), og eit nytt kapittel tek til. Historiene frå utviklinga av institusjonen er mange.
I år er det 46 år sidan Bø fekk Telemark distriktshøgskule, truleg stikk i strid med kva dei fleste ville spådd berre eit år i førevegen. Ideen om eit regionalt høgare utdanningssystem, distriktshøgskular, vart lagt fram i 1965. Professor emeritus med historie som fag, Olav Rovde, fortel at i Telemark peika det meste mot ei plassering i Grenland så seint som i 1968.
– Frå 1969 til -70 skjer det noko, då kjem Bø-tilhengarane på offensiven, fortel Rovde
Foto på framsida:
Då Gunhild Haugen starta på det som heitte Telemark distriktshøgskule hadde ho kontor med peis i det gamle meieriet. I 1994 var ho med på at høgskolen vart samla i Gullbring.
Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på nett på buyandread.com