160114 kommunereform underskrivingsmøte 19 b

Einige om tala

 

160114 kommunereform underskrivingsmøte 76 b

Studerer intensjonsavtala. F.v. Hans G. Jørgensen, varaordførar Nome, Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar Nome, Olav Kasland, ordførar Bø, og Mette Haugholt, ordførar Sauherad.

Diskuterte innsparingar

I førre veke var det debatt i fleire media om kor vidt kommunane vil tene økonomisk på å slå seg saman eller ikkje og kva for tal som var rette.

Midt-Telemarkrådet, Telemarksforsking og Fylkesmannen har no sett seg saman og gått gjennom dei økonomiske effektane av ei samanslåing av Sauherad, Nome og Bø. Onsdag sende dei tre institusjonane, representert ved Erling Rønnekleiv, Kjetil Lie og Per Dehli, ut ei pressemelding der dei oppsummerte tala dei var einige om. Pressemeldinga kom dessverre etter at Bø blad hadde avslutta avisa som kjem ut 21. januar.

Det som står i pressemeldinga stemmer elles godt med det Bø blad skreiv i avisa 14. januar (”Lite å tene økonomisk”).

Kort oppsummert tala som dei tre partane er einige om:

 

* Kommunane får 50 millionar kroner i eingongsstønad til å etablere den nye kommunen.

* Når dei tre kommunane slår seg saman, fell basistilskotet bort for to av dei. Det blir kompensert med ei inndelingstilskot som blir betalt ut i 20 år, totalt 255 millionar kroner.

* Dei vil spare 300 millionar kroner i effektivisering første 20 åra, og 300 millionar kroner dei neste 20 åra.

* Etter 20 år misser ein samanslått kommune inndelingstilskotet, det vil seie 600 millionar kroner dei neste 20 åra.

 

I pressemeldinga står det òg:

Den økonomiske effekten dei første 20 åra er berekna til å bli på 605 millionar kroner.

Over 40 år blir effekten rekna ut til å vere 305 millionar kroner.

Grunnen til 40-årseffekta er at ein misser inndelingstilskotet etter 20 år. Kommunane som ikkje slår seg saman held fram å få basistilskotet, men signala tyder på at det blir mindre enn i dag. Eingongstilskotet på 50 millionar skal brukast på omstillingskostnader.

I Nome kommune har ein lågare arbeidsgjevaravgift enn i Bø og Sauherad. Kjetil Lie opplyser at i reknestykka føreset ein at dei tre kommunane har same kostnader til arbeidsgjevaravgift som no, det vil seie at det blir kompensert dersom Nome-delen får høgare avgift. Det er ikkje gitt noko signal om kva som faktisk vil skje. Dette gjeld kommunen og ikkje privat næringsliv.

Les meir om økonomien ved ei kommunesamanslåing i saka ”Lite å tene økonomisk” i avisa 14. januar eller kjøp artikkelen på nett på buyandread.no.

Bilde på framsida:

Feira med kake. Det vart feira med kake då intensjonsavtala for ein ny kommune i Midt-Telemark vart signert av medlemmane i forhandlingsutvalet. Den økonomiske gevinsten er kanskje ikkje så stor som ordførar i Bø, Olav Kasland meiner. F.v. Mette Haugholt, ordførar i Sauherad, Bjørg Tveito Lundefaret, ordførar i Nome t.h. Erling Rønnekleiv lengst til høgre.