Winter Trial 2016

Veteranbilløp til Bø søndag

Winter Trial 2016

Til Bø søndag. Over 60 veteranbilar køyrer via Hørte og Folkestad søndag.

Førstkomande søndag kan folk i Midt-Telemark få med seg det internasjonale veteranbilløpet The Winter Trial.

Dette er eit over 100 år gamalt billøp for veteranbilar og det er tredje gong løpet går innom Noreg. Løpet er 2.250 kilometer langt og går gjennom sju fylke og 44 kommunar i løpet av dei seks dagane det varar. 60 bilar er med, dei fleste nederlandske. Nokre få norske bilar er også med. Søndag har dei lunsj i Seljord klokka 13.00. Vidare går ruta via Flåbygd, Lunde, Gvarv, Hørte, Bø Sommarland og over Reshjemheia til Notodden. Løpet går altså ikkje via Bø sentrum. Arrangøren trur at ein er forbi Bø i 15-tida. Bilane skal vere på Notodden klokka 16.15.