Kommunestyret behandlar kommunesamanslåinga
Torsdag skal kommunestyret bestemme om det vil legge intensjonsavtale for ny kommune i Midt-Telemark fram for innbyggjarane i Bø. Blir det ja så vil det seie at innbyggjarane skal seie kva dei meiner, ja eller nei til ei ny kommune i Midt-Telemark, i ei folkeavstemming 10. april.
Kommunestyret i dei andre kommunane skal også behandle intensjonsavtala på same dag og same tidspunkt.
Heile kommunestyret har tidlegare sagt ja til forhandlingar. Torsdag får ein høyre om dei politikarane som ikkje har delteke i forhandlingsutvalet tykker intensjonsavtala er god nok. Dei tre som har forhandla er Olav Kasland (V), Borgar Kaasa (Sp) og Glenn T. Isaksen (Ap) med Karin Hagen (Ap) som vara.
Bø blad vil kome tilbake med stoff både på nett og i avisa 4. februar.