151022 Bø blad ny nettside 2

Vann fram i Brussel

151022 Bø blad ny nettside 2

Redaktør Hilde Eika Nesje (t.v.) er glad for vedtaket om momsfritak på digitale medier, på line med papiraviser. Biletet er tatt da Bø blad i fjor haust lanserte ny nettside, laga av systemutviklar Veronika Andersen (midten) og prosjektleiar Bodil Sandøy Tveitan ved Arkitektumweb. Foto: Gro B. Røiland

EFTAs overvakingsorgan ESA har godkjent at Noreg kan ha momsfritak for nyheiter på nett. Noko som betyr at nyheiter på digitale plattformer blir sidestilt med nyheiter på papir.

For Landslaget for lokalaviser (LLA) der Bø blads redaktør Hilde Eika Nesje er inne i sitt åttande år som styremedlem, har dette vore ei kampsak lenge. Vedtaket i ESA som finansminister Siv Jensen og kulturminister Linda Hofstad Helleland offentleggjorde måndag, er godt nytt for ein pressa mediebransje.

– Dette er eit gledeleg vedtak. Landslaget for lokalaviser har stått fjellstøtt på nullmoms sidan 2010. Det er viktig at det ikkje er skatt på det frie ord, uansett om det er på papir eller digitale plattformer. Det gjer det lettare også for mindre aviser med få ressursar å satse meir på digitale produkt, når ein ikkje blir skattlagt for det, seier Eika Nesje.