160128 bødialekt folkestad 2

Bødialekten på vikande front

160128 bødialekt folkestad 2

Kontaktlærar Jørgen Kåsa synest det er trasig at bødialekten blir borte og trur det hadde vore moro med eit dialektprosjekt i skulen. Fjerdeklassingane Indiane Emia Sjøli Porsanger (t.v.) og Ida Bø Bakka har lyst til å lære meir bødialekt. Foto: Gro Birgitte Røiland

Bødialekten er på vikande front, spesielt blant barn og unge i Bø. I eit innlegg på Facebook-gruppa «Me som snakkær bøhæring (eller likær dialekten)» luftar Birger Risnes ideen om kurs i bøhering. Noko mange har respondert positivt på.

Rektor på Folkestad skule, Hanne Skretteberg, ynskjer å slå eit slag for bødialekten i undervisninga på skulen og ser for seg eit prosjekt der elevane kan jobbe med dialekt over tid. – Det er naturleg å legge dialekt inn i norskfaget, men ein kan også bruke det i andre fag, seier Skretteberg.

Ho er inspirert av eit prosjekt frå Ål ungdomsskule, der elevar i niande klasse blei utfordra til å snakke halling i ei veke. Elevane tok utfordringa, og ei veke blei til tre månader.

Les meir om bødialekten i papiravisa eller digitalt på buyandread.com.