
Pris nummer to. Halvor Kleppen har fått pris to år på rad for bøker han har skrive om skigåing. Den siste for boka om tinndølen Jon Torsteinson Rue. Foto: Gro B. Røiland
Pris for bok om Snowshoe Thompson
Skade Awards heiter prisen og den blir delt ut for ei framragande bok om lokal skihistorie. Halvor Kleppen får prisen for boka om Snowshoe Thompson, skihelten frå Tinn.
”Snowshoe Thompson: Jon Fra Tinn” er tittelen og den kom ut i haust. Boka handlar om Jon Torsteinson Rue frå Tinn som vart ein legendarisk postmann, med kallenamnet Snowshoe Thompson. Han var tiår då han og mora reiste frå Tinn til Midtvesten med det første utvandrarselskapet frå Austlandet.
– Det er ei historie som får ein til å tenkje på båtflyktningane i Middelhavet, sa Kleppen i eit intervju i Bø blad då boka kom ut.
Les meir i Bø blad torsdag eller kjøp avisa på nett på buyandread.no (torsdag).