Linn-Ullmann-4 copy

Ullmann og Michelet til Bøker i Bø

Linn-Ullmann-4 copy

Eksklusivt møte. Den høgaktuelle forfattaren Linn Ullmann kjem til Bøker i Bø. Ho møter Rune Christiansen i samtale. Foto: Agnete Brun.

Bøker i Bø har sikra seg Linn Ullmann til årets litteraturfestival. Ho bli å sjå og høyre på opningskvelden i Gullbring.

Den femte utgåva av litteraturfestivalen ”Bøker i Bø” går av stabelen i dagane 28. april til 1. mai. Gode forfattarnamn har kome på plass på rekkje og rad. Først var desse ni forfattarane plukka ut til å møte lesarane: Geir Gulliksen, Jørn Lier Horst, Amalie Kasin Lerstang, Inger Bråtveit Anne Oterholm, Gine Cornelia Pedersen, Kristin Ribe, Maria Sand og Frøydis Sollid Simonsen. Deretter har stadig fleire forfattarar takka ja til å vere med på Bø-festivalen. Dei to siste er Linn Ullmann og Jon Michelet.