
Ikkje stengd. Halvor Uldal Kåsa er byggjeleiar når røra under Stasjonsvegen skal skiftast ut. Foto: Tor Arvid A. Gundersen, Statens vegvesen
Startar opp i Stasjonsvegen
Det blir laga ny kulvert der Bøevju går under vegen frå Evjudalen og forbi Bøsenteret. Arbeidet startar i desse dagar. Stasjonsvegen skal ikkje bli stengd under arbeidet.
Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Etter at Skjeggestad bru i Vestfold kollapsa i februar i fjor dukka brua over Bøevju i Stasjonsvegen opp på ei liste som VG presenterte over 104 bruer med trua bæreevne. Den gong sa Terje Stien i Statens vegvesen region sør til Bø blad at dei hadde brua under oppsikt.
Les meir i papiravisa på torsdag eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.