
Fine pakkar. Ganesh Kumar Upadhyaya, Ekata Sharma og Siyata Budhathoki serverte blant anna nokre lekre små pakkar med mat.
Internasjonal dag på høgskulen
Dei franske studentane tykkjer me i Bø er litt reserverte medan dei frå Nepal tykkjer me er opne. Men alle likar seg som studentar og maten dei laga til Internasjonal dag fekk bein å gå på.
I førre veke var det internasjonal dag ved Høgskulen i Søraust-Noreg i Bø. Det er eit tradisjonsrikt arrangement på høgskulen. Då kan dei internasjonale studentane vise fram kultur frå sitt heimland. Det resulterer ofte i smakebitar på mange spennande rettar. Slik var det også i år. I teorien varer arrangementet i to timar, men det meste av maten såg ut til å vere vekk den første halvtimen.
Les meir og sjå fleire bilde i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.