Nisser musikal des 2015 4149 nissekor

Folkevekst gjev tilskot

Nisser musikal des 2015 4149 nissekor

Fleire folk i Bø. Folketalet vaks med 124 personar i Bø i fjor. Arkivfoto: Øystein Akselberg.

Bø er første kommune i Telemark som får veksttilskot frå staten. Det får kommunen fordi folketalet veks så mykje.

Ved årsskiftet var folketalet i Bø kommune 6.101 personar. Det er ein auke på heile 124 personar i løpet av 2015. Auken på landsbasis er 0,93 prosent, medan Telemark fylke har ein beskjeden vekst på 0,31 prosent.

Bø veks så mykje meir enn snittet i landet at kommunen får 873.000 kroner i veksttilskot av staten i 2017. Tilskotet skal hjelpe kommunane med å tilpasse tenestetilbodet til ei veksande befolkning.