Glenn Isaksen Vinmonopolet

Nedgang i salet på Vinmonopolet

Glenn Isaksen Vinmonopolet

Nedgang i salet. Dagleg leiar ved Vinmonopolet i Bø, Glenn Isaksen, kan for 2015 bokføre ein nedgang i salet på 6.283 liter vare i høve året før.

 Vinmonopolet i Bø hadde ein nedgang i salet i fjor på 3,6 prosent. På landsbasis er nedgangen rundt ein prosent.

Vinmonopolet opna eige utsal i Gullbringvegen Bø i mai 2000. I november 2014 flytta utsalet til Sønstebøtunet. I fjor selde polet i Bø 163.892 liter vare. Dette er 6.283 liter mindre enn året før, og tilsvarar ein nedgang på 3,6 prosent. Det er ein trend på landsbasis at salet går ned, men nedgangen for 2015 er rundt ein prosent på landsbasis.
Dagleg leiar ved Vinmonopolet i Bø, Glenn Isaksen, seier at trendane i Noreg slår ut også i Bø og forklarar nedgangen som ein kombinasjon av auka kvoter for tax-free-salet for reisande til Noreg, større fergetrafikk til utlandet frå Telemark og det at butikken blei flytta i 2014.
– Kva faktor som får størst utslag er umogleg å svare på. Eg er sikker på at auka tax-free-kvotar og stor trafikk på fergene til og frå Telemark spelar ei stor rolle, seier Isaksen.