Krafttak mot kreft 2016

Bøsseaksjon i morgon

Krafttak mot kreft 2016

Ha pengar klare. Russen ved Bø vidaregåande skule ringjer på døra di komande tysdag og ber om bidrag til årets kreftaksjon. Dei fire elevane Anders Ueland Halvorsen (18) (f.v.), Ingrid Regina J. Verpe (18), Inger-Helene Haugland (19) og Arif Hasic (18) sit alle i russestyret og i aksjonsgruppa for bøsseaksjonen. Med seg har dei Irene Bøen, mor til Inger-Helene, som lokalt ansikt for kreftsaka. Ho har fått diagnosen uhelbredeleg kreft.

I morgon, tysdag, går årets bøsseaksjon av stabelen i regi av russen ved Bø vidaregåande skule. Pengane går til meir forsking på uhelbredeleg kreft.

Årets store og landsomfattande innsamlingsaksjon ”Krafttak mot kreft” i regi av Kreftforeningen har fått tittelen ”Fleire gode år”. Dette er ellevte året aksjonen blir gjennomført som ein rein bøsseinnsamling. Over 20.000 bøsseberarar vil gå rundt, dei fleste av dei er russ. Dette blir dermed heile Noregs dugnad i kampen mot kreft. Kreftforeininga har i år eit innsamlingsmål på 40 millionar kroner.
I Bø er det deler av russestyret som også er med i aksjonskomitéen.
– Me har over 95 bøsseberarar som stiller opp på frivillig basis, seier aksjonsleiar for børussen, Ingrid Regina J. Verpe, og legg til at russen ser på dette som ei god sak å stille opp for.

Bidrag kan gjevast på mange måtar, om ikkje Børussen nådde deg med bøssa si. Enten på Kreftforeningen sine heimesider på nett eller:

  • Gåve til kontonummer 1503.07.66056.
  • Gåve på SMS: Send kodeord GAVE til 2277. Da gir du 200 kroner, som blir belastet telefonregningen din.
  • Vipps til nummer 982 08 080