2016-03-Målpris-Telemark-mållag-03-

Målpris til Bø blad

2016-03-Målpris-Telemark-mållag-03-

Bø blad får målpris. Bø blad får Telemark mållag sin målpris for 2016. Her redaktør Hilde Eika Nesje og leiar i Telemark mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke. Foto: Marta Kjøllesdal

Nynorskpris til lokalavisa

Målprisen frå Telemark mållag gjekk i 2016 til Bø blad. I grunngjevinga står det følgjande: “Avisa har i heile si historie vore ei viktig nynorskavis. Ettersom Bø i aukande grad er i ytterkanten av nynorskområdet har avisa fått ei stadig viktigare rolle som faneberar for nynorsken i Midt-Telemark. På leiarplass har avisa støtta nynorsken si stilling i Bø. Vinteren 2016 har medarbeidarane lagt ned mykje arbeid i, og sett av mykje plass til, ei rekkje artiklar om kva som kan gjerast for Bømålet. Dette går inn i eit mønster der avisa på ein god måte har dekt saker som gjeld vilkåra for nynorsk i Bø.”

– Me i Bø blad er både stolte og svært takksame for å få målprisen. Det er ei ære å få ein slik pris for oss som har språk som den viktigaste arbeidsreiskapen. Me er stolte av å jobbe med og utvikle gode tekstar på nynorsk og det er eit mål å skrive lett og levande på dette målføret, seier redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad.