
Frå kommunar og fylke. Det var med representantar for kommunane, fylkeskommunen og fagfolk på turen til Oslo. Borgar Kaasa nr tre frå høgre. Foto: privat
Kjempar for strålesenter
Tysdag var ei gruppe frå Telemark i Oslo for å kjempe for å få det nye strålesenteret til Skien, blant dei varaordførar Borgar Kaasa (Sp) få Bø. Det var representantar både frå kommunane og fylkeskommunen, i tillegg til fagfolk, med på turen.
Ifølgje eit skriv frå fleire kommuneoverlegar i Telemark får innbyggarane i vårt fylk i mindre grad enn andre nytte av stråleterapi. På grunn av lang reisetid får ikkje telemarkingane den strålebehandling som er medisinsk ønskjeleg.
Forkjemparane for eit nytt strålesenter i Telemark viser til at fleire kommunar får kortare reisetid til eit strålesenter i Skien enn til eit i Tønsberg. Dei peikar også på at fleire av pasientane med lengst veg får kortare reisetid til Skien enn til Tønsberg.