2016-03-Ingebjorg-Bratland-konsert

Nydeleg frå Ingebjørg

2016-03-Ingebjorg-Bratland-konsert

Imponerande konsert. Ingebjørg Bratland med band hadde publikum i si hule hand i Gullbring i går kveld. Foto: Bjørnar Nesje

Lun inngang på påska

Ingebjørg Bratland sluttar ikkje å imponere. I går kveld bergtok ho og det solide bandet ho hadde med seg ein stappfull Storsal i Gullbring. Konserten var godt sydd saman, variert og velklingande. Med si naturlege og avslappa framtoning, praktfulle røyst og sin lune humor hadde Bratland publikum i si hule hand. I tillegg hadde ho med seg eit knippe musikarar som både stod godt til den kvinnelege artisten og leverte strålande musikk sjølv. Konserten stod til ståande applaus.