160324-Pilegrimsvandring---Nes-kyrkje-i-fruktblomstring

Pilegrimsvandring i epleblomstring

160324-Pilegrimsvandring---Nes-kyrkje-i-fruktblomstring

Vakre Nes kyrkje frå 1180 er utgangspunkt for pilegrimsvandringa som også i år er lagt midt i den vakraste epleblomstringa.

Bø museum er ein av fleire samarbeidspartnarar i vårens pilegrimsvandring frå middelalderkyrkja på Nesodden til middelalderkyrkja på Bøhaugen.

Vandringa, som går laurdag 21. mai, startar i Sauherad og går mot Bø. På vegen er det lagt inn fire stopp for dei som ynskjer ein rast: Evju bygdetun, Hørte dampfargeri, Bø museum og Bø prestegard.

Les meir om Bø museum sitt vår- og sommarprogram i neste nummer av papiravisa.