Godt resultat. Konfirmantane fekk inn mykje pengar under fasteaksjonen. Foto: Gro Birgitte Røiland
Betre enn fjoråret
Årets konfirmantar i Bø kyrkje banka førre veke på dører i Bø for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Ungdommane fekk inn 59.500 kroner i år, mot cirka 35.000 kroner i fjor. Pengane skal gå til å skaffe reint vatn i katastrofeområde.