FÅR STØTTE. Norsjø kammermusikkfest er ein av dei lokale festivalane som får økonomisk støtte av Kulturrådet i 2021.
FÅR STØTTE. Norsjø kammermusikkfest er ein av dei lokale festivalane som får økonomisk støtte av Kulturrådet i 2021.

Klart for ny kammermusikkfest

160317-Norsjø-kammermusikkfest-05-

Martin Ødegaard (t.v.), Øyvind Sundsvalen, Sara Övinge og Josephine Hsieh skal alle på scenen under Norsjø kammermusikkfest. Foto: Marta Kjøllesdal

Eldsjelene bak Norsjø Kammermusikkfest er klare med årets program. – Temaet for årets festival er epos, forteljing og eventyr, seier Øyvind Sundvalen.

Pianisten er ein av tre unge musikarar frå Sauherad som står bak Norsjø Kammermusikkfest i dagane 18. til 23. april. Med seg har han komponist Martin Ødegaard og klarinettist Øystein Waage.

Kammermusikkfesten har ein ung profil. Dei fleste musikarane er fødde på 90-talet. I tillegg til Ødegaard, Sundsvalen og Waage, spelar også i år Guro Kleven Hagen og Sara Övinge, begge fiolin, og Josephine Hsieh, klaver. Blant dei nye namna er Benedict Kloeckner på cello og Karol Ciesluk på kontrabass.

Sundsvalen, Ødegaard og Waage trekkjer også inn lokale ressursar. Klaus Sandvik frå Seljord står bak bestillingsverket «Norske eventyr».

Les meir om Norsjø kammermusikkfest i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com.