Hol-i-fortau-ved-kommunehuset-07-

Nytt søkkehòl i sentrum

Hol-i-fortau-ved-kommunehuset-07-

Mot banken. Det nye holet er i fortauet på enden av kommunehuset mot banken.

Nytt søkke-hòl over overvassleidning

På fortauet ved sør-austre enden av kommunehuset dukka det opp eit hòl i bakken i går, tysdag. Årsaka er sannsynlegvis overløpsrøret frå Hellandvegen til Evjudalen.

18. desember i fjor dukka det på kort tid opp ein dump i gangvegen framfor Bø torg. Då vart det frå tekisk etat konkludert med at årsaka truleg var overvassrøret som vart bora gjennom grunnen frå Hellandvegen til Evjudalen veka før. Den gongen hadde ein ein geoteknikar til å vurdere situasjonen fordi ein frykta for hovudvassleiinga som går langs Bøgata. Hadde det utvikla seg frykta Lars Tore Svensen ved teknisk etat at riksvegen også kunne skli ut. Men grunnen roa seg, holet vart fylt opp og ein ville vente til våren med vidare vurdering av situasjonen

No har det altså dukka opp eit nytt søkkehòl, rett nok ein del mindre.

– Telen har slept og regnet natt til i går har vaska ut masse, seier Olav Langkås, leiar for veg, vatn og avløp ved teknisk avdeling i Bø kommune.

Han seier at ein vil fylle att holet og vente til sommaren med finpussen.

– Dette er veldig merkeleg, det vart ikkje fjerna mykje masse då røret vart bora igjennom, seier Langkås.

Hol-i-fortau-ved-kommunehuset-03-

Vil fylle opp. Olav Langkås ved teknisk etat i kommunen seier at ein vil fylle opp i hòlet no og ta finpussen til sommaren.